Pressemelding

Espen Martinsen (55) Ny administrerande direktør i Telemark Bilruter

Styret i Telemark Bilruter har tilsett Espen Martinsen frå Larvik som ny administrerande direktør i Telemark Bilruter AS. Martinsen har omfattande erfaring frå ulike delar av transportnæringa og kjem frå stillinga som Driftssjef avd. Miljøtransport i Litra Gass AS.

- Styret i Telemark Bilruter (TBR) er veldig godt nøgd med tilsettinga av Espen Martinsen som ny administrerande direktør i Telemark Bilruter. Vi har hatt ein lang og grundig prosess, og har no funne ein god person til å leie vidare utvikling av selskapet. Espen har brei erfaring frå bransjen, stort nettverk og ikkje minst svært nyttig erfaring med utvikling av ei berekraftig transportnæring som passar godt med TBR sine ambisjonar og moglegheiter, seier styreleiar Olav A. Veum.

- Telemark Bilruter er et stort, tradisjonsrikt og spennende konsern. Jeg gleder meg til å forme selskapet for framtiden og skape verdier for både eiere og ansatte, ut fra de satsingene som er gjort i selskapet. Transportnæringen er på full fart inn i det grønne skiftet og Telemark Bilruter skal være en del av det, sier påtroppende administrerende direktør Espen Martinsen.

Espen Martinsen vil tiltre stillinga 1. desember 2023. Telemark Bilruter har hovudkontor i nye lokale i Seljord. Verksemda består av 8 dotterselskap innan buss, godstransport, verkstaddrift og eigedom. Konsernet er med sine nær 250 tilsette den største private arbeidsplassen i Vest-Telemark med hovudkontor i regionen.

For nærmare kontakt:

Olav A. Veum, styreleiar – tlf: 90138998

Espen Martinsen, påtroppande Adm Dir – tlf: 918 96 120

0
Feed