Strategien vår – 2025 til 2027
I Telemark Bilruter-konsernet byggjer me framtida på røynsle, lokal forankring og eit sterkt ønske om å skape verdi – både for kundane våre og samfunnet rundt oss. Med strategien vår for perioden 2025–2027 skal me vidareutvikle konsernet gjennom fire sentrale satsingsområde:
Med for kunden
Me skal vere ein transportpartnar kundane våre kan stole på – kvar dag. Me jobbar systematisk med leveransekvalitet, respons og kundedialog.
Saman for berekraftig handlekraft
Berekraft handlar om dei vala me tek – kvar dag. Me skal redusere CO₂-utslepp med 20 % på tre år gjennom effektiv køyring, gode drivstoffløysingar og overgang til nullutsleppskøyretøy. Samtidig satsar me på å vere ein trygg og utviklande arbeidsplass for alle tilsette, med fokus på trivsel, kompetanse og tett oppfølging.
Stolt transportpartnar med lokal forankring
Me skal vere tydelege og synlege i marknaden – og vise fram styrkene våre. Med røter i historia, eit sterkt lokalt fotfeste og engasjerte medarbeidarar, skal me utvikle vårt digitale «utstillingsvindauge» via nettside og sosiale medium, og rekruttere nye drømmekundar som nyttar fleire av tenestene våre.
Smidige og framtidsretta løysingar
For å sikre god drift og vekst, skal me forbetre, standardisere og digitalisere forretningsprosessane våre. Me kartlegg potensial, reduserer unødvendige kostnader, og gjennomfører digitale pilotprosjekt som skal løfte konsernet vidare.
Vi held kursen – saman
Med verdiane våre som kompass og ei tydelig retning framover, skal me vere ein påliteleg, berekraftig og moderne samarbeidspartnar – for kundar, tilsette og regionen me er stolte av å vere ein del av.
