Turbuss - Skreddarsydde turer
Med våre turbussar sørgjer vi for ei behageleg og trygg reiseoppleving, med dyktige sjåførar som legg vekt på god service og trivsel undervegs.
Vi er fleksible og tilpassar turen etter dykkar behov. Våre turbussar passar både små og store grupper som ønskjer ei komfortabel og praktisk transportløysing.
Fleksible løysingar for dykkar gruppe
Bedriftsturar, seminar og firmareiser
Skoleturar og klasseturar
Lag, foreiningar og organisasjonar
Venegjengar, familieturar og andre samlingar
Uansett kva gruppe dykk er, om de treng transport for ein halv dag, fleire dagar – eller fleire bussar – finn vi ei løysing som passar dykk.
Veteranbussen
For noko heilt spesielt tilbyr vi òg leige av vår flotte veteranbuss – perfekt til bryllaup, jubileum og andre høgtidelege anledningar.
Ta kontakt for eit uforpliktande tilbod – vi ser fram til å skape gode reiseopplevingar saman med dykk!
Haukeliekspressen - Mellom aust og vest
Reis komfortabelt over fjellet!
Telemark Bilruter Buss køyrer Haukeliekspressen, som knyter saman Austlandet og Vestlandet med daglege ruter mellom Oslo og Haugesund/Bergen.
Vi tilbyr ei trygg, effektiv og miljøvennleg reise gjennom noko av det vakraste landskapet Noreg har å by på. Perfekt både for ferie, studier og jobbreiser.
Sjå rutetider og bestill billett hos Nor-Way.no
Last gjerne ned Nor-Way-appen for enkel bestilling og sanntidsinformasjon.
Ta kontakt med oss
For bestilling, spørsmål eller info
Hittegods
Har du gløymt noko på bussen? – vi vil hjelpe deg å finne det!
Haukeliekspressen – kontakt Nor-Way sin hittegodsavdeling: Hittegods Haukeliekspressen
Turbussen – bruk vårt kontaktskjema på denne siden.