Spyle og tømmetenester

Slamtenester - tøming, rensing og spyling

Slamtenester – tøming, rensing og spyling
Vi tilbyr eit breitt spekter av tenester innan tøming, rensing og vedlikehald for både private hushaldningar, næringskundar og kommunar. Med moderne suge- og spylebilar samt eigen avvatningsbil, kan vi ta oss av både enkle og krevjande oppdrag – raskt og trygt.

Våre tenester inkluderer:

•  Tøming av septiktankar
•  Tøming av mobile anlegg, festivaltoalett og utedoer
•  Tøming av minirenseanlegg
•  Tøming av kommunale og private renseanlegg
•  Tøming av fettavskilljarar
•  Tøming av sandfangskummar
•  Tøming av oljeavskilljarar
•  Spyling av tette røyr (kloakk, drensrør, overvannsledninger m.m.)
•  Stikkrennespyling
•  Tining av kloakkrøyr ved frost eller tilstopping
•  Spyling med varmt vatn
•  Vakt

Vi har eit variert utval av suge- og spylebilar

– som gjer oss fleksible og effektive – frå mindre einingar til store vogntog med stor kapasitet. Dette gjer oss i stand til å handtere alt frå enkle oppdrag til meir krevjande industrispyling og avløpsarbeid.

Fleksibelt utstyr for ulike behov:

  Vi har bilar med kapasitet frå 5 m³ (vakuumvogn og traktor) til vogntog på opptil 30 m³.
  Nokre køyretøy er utstyrte med 5-tommars sugeslange montert på fjernstyrt kranarm, noko som gir trygg og effektiv tøming – til dømes av fettavskiljarar og sandfang.
  Den største spylebilen vår leverer inntil 500 liter per minutt med ein 1 ¼-tommars spyleslange – ideell for større eller komplekse oppdrag der det trengst kraft og kapasitet.

Avvatningsbil – miljøvenleg rensing

Vi tilbyr også tenester med avvatningsbil – ei moderne løysing for tøming av septiktankar på ein meir miljøvenleg og kostnadseffektiv måte.

Slik fungerer det:

•  Vi brukar Masko-Zoll-teknologi, ein lukka og mekanisk prosess som skil ut slammet frå vatnet ved hjelp av polymer, gravitasjon og svaberbevegelsar.
•  Det filtrerte vatnet blir returnert tilbake til septiktanken via filterplater, medan slammet vert transportert vidare til godkjent mottak.
•  Sidan 96–98 % av innhaldet i ein septiktank er vatn, bidreg denne metoden til:
•  Færre transportetappar
•  Lågare kostnader
•  Redusert miljøavtrykk

Akuttvakt – vi rykker ut når det haster

Har du eit akutt problem med tett røyr, overfylte tankar eller behov for tømming? Vi tilbyr akuttvakt for spyle- og tømmetenester, slik at du får rask hjelp når situasjonen krev det.

Vakta er bemanna av erfarne fagfolk med tilgang til moderne utstyr – klare til å rykke ut til både private, bedrifter og offentlege aktørar. Vi hjelper til ved:

• Tette avløp eller røyr
• Overfylte septiktankar eller slamavskiljarar
• Vasslekasjar eller tilbakeslag

Hasteoppdrag etter arbeidstid, helg eller helligdagar

📞 Ta kontakt med vår vakttelefon ved akutte behov – vi er her for å hjelpe, døgnet rundt.  VAKTTELEFON: 95 98 49 03

Ta kontakt med oss

For bestilling, spørsmål eller info

Avdeling Seljord

Telemark Godslinjer

Lokal forankring – miljø i fokus

Ved å bruke avvatningsteknologi i staden for tradisjonell tøming, reduserer vi både mengda slam som må transporterast og behovet for ekstra utslepp. Det gjer denne løysinga både god for miljøet – og gunstig for kundane våre.