Om Telemark Transportservice
Telemark Transportservice AS (TTS) har lang fartstid og sterk lokal forankring. Historia vår starta i år 2000, då Frank Olsen AS vart kjøpt opp og selskapet fekk nytt namn – men erfaringa strekker seg langt tilbake: Me har over 40 års erfaring innan distribusjon, og har vore ein stolt hovudleverandør til Schenker i regionen i like mange år.
I dag disponerer me rundt 50 køyretøy og har over 65 tilsette med høg kompetanse og lokalkunnskap. Heile 45 % av bilparken er utsleppsfrie køyretøy der dei enten går på gass eller elektrisitet.
Me bemannar ruter for stykkgodstransport i Horten, Tønsberg, Sandefjord, Larvik og Grenland, og tilbyr òg containertransport innanlands.
Hovudbasen vår
Hovudbasen vår ligg i Trommedalsvegen 245, midt i Rødmyr industriområde i Skien. Her har me både terminal og verkstad, samt eit lager på ca. 500 m². Delar av lageret leiger me ut som varehotell, og me har kapasitet til rundt 120 pallereolar. På verkstaden vår utfører me service og vedlikehald på eige utstyr og køyretøy – slik held me kvaliteten høg og driftsstansen låg.
Me legg stor vekt på pålitelegheit, presisjon og personleg oppfølging, og mange av kundane våre har vore med oss gjennom ei årrekke – samtidig som stadig nye vel oss som samarbeidspartnar.
I ei bransje i endring satsar me på framtidsretta løysingar og meir berekraftig transport, med mål om å vera ein sterk og trygg aktør for både kundar, miljø og regionen vår.