Om Telemark Renovasjon
Telemark Renovasjon er eit dotterselskap i konsernet vårt, og står for drift og utvikling av Bø Miljøstasjon. Etter å ha vore deleigd i fleire år, er me frå 2025 stolte av å vera eineeigar av selskapet – noko som styrkar vår satsing på miljøvennleg avfallshandtering i regionen.
Bø Miljøstasjon
Bø Miljøstasjon, lokalisert på Grivimoen, tek imot avfall frå næringsdrivande.
Opningstider:
• Måndag – fredag: 07:00–15:00
Tenester
På Bø Miljøstasjon kan du levere ei rekkje avfallstypar, inkludert:
• Restavfall
• Treverk
• Metall
• Elektronisk avfall (EE-avfall)
• Farlig avfall
Me er opptekne av å tilby effektive og miljøvennlege løysingar for avfallshandtering, og legg vekt på god service og tilgjengelegheit for våre kundar.