Om Telemark Bilruter Buss

Om Telemark Bilruter Buss

Telemark Bilruter Buss AS har vore ein viktig del av kvardagen til folk i Telemark i fleire tiår. Me er eit busselskap med stolte røter, solid erfaring og ekte samfunnsengasjement – og me fraktar folk trygt og punktleg gjennom regionen vår, kvar einaste dag.

Me driftar Haukeliekspressen, som køyrer mellom aust og vest to gonger dagleg i kvar retning, i samarbeid med Tide Buss på vestsida. I tillegg tilbyr me turbuss, og tek på oss både enkeltoppdrag og fast køyring for private grupper, næringsliv, lag og kommunar.

Våre dyktige og blide sjåførar står klare til å hjelpe deg – anten du skal arrangere ei reise, eit bryllaup, ein firmatur eller ei oppleving utanom det vanlege.

Treng du buss til eit arrangement?
Ta kontakt med oss for eit uforpliktande tilbod – me finn ei god løysing tilpassa dine behov.