Historia vår

Om konsernet og historia vår

Telemark Bilruter-konsernet er ein regional transport- og servicetilbydar med djupe røter i Telemark – og blikket retta mot framtida. Frå våre kontor i Seljord og operasjonar over heile fylket og vidare, leverer vi trygge og berekraftige tenester innan persontransport, godstransport, verkstadtenester og avfallshandtering.

Konsernet omfattar fleire selskap med kvar si spesialisering, men med felles verdigrunnlag: pålitelegheit, kvalitet, samfunnsansvar og lokal forankring.

Vi er òg stolte over å vere ein av dei største arbeidsplassane i Vest-Telemark, med over 165 tilsette i konsernet. Det betyr mykje for oss å kunne bidra til lokal verdiskaping, sysselsetjing og utvikling – og vi tek det ansvaret på alvor.

Historia vår – over hundre år på vegen

Historia vår går heilt tilbake til 1909, då den første bilruta i Fyresdal vart etablert – berre eitt år etter at den aller første rutebilen rulla på norske vegar. I 1910 kom Fyresdal Automobilselskab på plass med den franskbygde La Buire og registreringsnummeret H 7 – eit symbol på pionérånd og framkomstvilje.

I 1998 vart Telemark Bilruter AS etablert gjennom samanslåinga av Vest-Telemark Bilruter LL og Grenland Nord Trafikkselskap AS, og la grunnlaget for det konsernet vi er i dag – med samanhengande tenester, lokal styrke og framtidsretta drift.

Eit konsern i utvikling

Me jobbar kontinuerleg for å tilpasse oss nye behov, krav og teknologi. Gjennom digitalisering, moderne køyretøy og satsing på berekraftige løysingar, ønskjer me å bidra til ein sterkare og grønare region.

Med røter i historia og ansvar for framtida, skal me vera ein trygg og langsiktig partnar for kundar, tilsette og samfunnet rundt oss.

Vår visjon
Påliteleg og varig transportpartnar som leverer gode løysingar for våre kundar og bidreg til ein sterkare, grønare region.

Vår misjon
Med engasjerte medarbeidarar tilbyr vi trygge og effektive løysingar til både lokale og nasjonale kundar.
Vi legg vekt på høg kvalitet, punktlegheit og samfunnsansvar.
Me er stolte av røtene våre i Telemark – og jobbar kvar dag for å vera eit berekraftig alternativ for kundar, tilsette og samarbeidspartnarar.