Om Telemark Storbilservice

Om Telemark Storbilservice

Telemark Storbilservice er eit nyetablert verkstadselskap i konsernet til Telemark Bilruter AS. Me held til i hjartet av Telemark – og tilbyr reparasjon og vedlikehald av tyngre køyretøy i alle kategoriar.

Sjølv om hovudfokuset vårt er på store og tunge køyretøy, ønskjer me òg andre køyretøy velkomne til verkstaden. Me leverer tenester med fagleg tyngde, god kapasitet og kort ventetid – og er klare til å hjelpe deg, anten du representerer eit transportselskap eller kjem som privatkunde.

Verkstadgodkjenningar

Me har ei rekkje godkjenningar frå Statens vegvesen som sikrar at du får utført tenestene dine på ein trygg og profesjonell måte:
• Bilverkstad 01 – Lette køyretøy
• Bilverkstad 02 – Mellomtunge køyretøy
• Bilverkstad 03 – Tunge køyretøy
• Kontrollorgan 04 – Periodisk køyretøykontroll (PKK), lette og tunge køyretøy
• Skadeverkstad 01 – Karosseriskadar
• Traktorverkstad
• Hjulutrustningsverkstad
Vent litt med storbilservice – selskapet er i endring