Om Telemark Godslinjer

Om Telemark Godslinjer

Telemark Godslinjer AS er eit framtidsretta transport- og logistikkføretak med hovudkontor i Seljord – midt i hjartet av Telemark. Vi har om lag 80 engasjerte tilsette og ein fleksibel og oppdatert bilpark med rundt 60 lastebilar, vogntog og spesialbilar. Som del av vår satsing mot eit grønare skifte har vi investert i blant anna ein gassdrevet lastebil til slamtransport. Dette er eit viktig steg mot å redusere utslepp, utan at det går på bekostning av effektivitet eller leveringskvalitet.

Vi tilbyr pålitelege og effektive løysingar innan innanlandstransport, men tek òg oppdrag over landegrensene. Våre tenester er i stadig utvikling – og vi har fleire kontraktar innan både avfallsrenovasjon i Vest-Telemark og slamrenovasjon i fleire regionar i Sør-Noreg.

I tillegg leverer vi miljøtenester som suge- og spyleoppdrag og renovasjonsløysingar til både bedrifter og private kundar i vårt nærområde.

På Bø Miljøstasjon, lokalisert på Grivimoen, tek vi imot avfall frå næringsdrivande.

Vi er opptekne av berekraft, kvalitet og lokal tilknyting – og jobbar kvar dag for å levere smarte, grønare transportløysingar med menneska og miljøet i fokus.