Velkomen til Telemark Transportservice AS
For å skape ein endå meir effektiv og framtidsretta godstransport i Telemark, fusjonerer vi no våre to transportselskap: Telemark Transportservice og Telemark Godslinjer.
Det nye, samanslåtte selskapet får namnet Telemark Transportservice AS.
Målet vårt er tydeleg: å byggje ein sterkare og meir standardisert organisasjon som står betre rusta for vekst, samstundes som vi tek vare på nærleiken, fleksibiliteten og kvaliteten kundane våre kjenner oss for.
Dei same folka – dei same tenestene
Sjølv om vi vert eitt selskap, er det viktig for oss å understreke at det meste held fram som før.
Vi beheld dei same dyktige folka, den same kompetansen og dei same tenestene innan gods, container, renovasjon og slam. Fusjonen handlar først og fremst om å rigge oss for framtida – ikkje å endre det som allereie fungerer godt.
Styrkjer det lokale nærværet
Telemark Transportservice AS vil framleis ha tilhald i Seljord og Skien, og vere ein trygg og lokalt forankra transportaktør for heile regionen.
Ny organisasjonsstruktur
For å sikre tydeleg ansvar og effektiv drift, vil følgjande leiarar ha ansvar for kvar sine område:
- Espen Martinsen – Dagleg leiar for Telemark Transportservice AS
- Tor Espen Homme – Leiar for gods- og containeravdelinga
- Connie Riise Hamma – Leiar for avdelinga for renovasjon og slam
Denne strukturen gir oss eit solid grunnlag for å levere kvalitet, utvikle tenester og møte nye behov i marknaden.
Vi ser framover
Vi går inn i denne fusjonen med entusiasme og ambisjon.
Telemark Transportservice AS skal vere ein trygg og langsiktig samarbeidspartnar for kundane våre – og ein attraktiv arbeidsplass for dei tilsette. Med samla kompetanse, felles retning og robuste strategiske mål står vi betre rusta for vekst og vidare utvikling.
Bli med oss på vegen!